Denver Art Museum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denver Art Museum


StadDenver, Denver County, Colorado
Skipa1893
Kart
Denver Art Museum
39°44′14″N 104°59′22″W / 39.737188°N 104.989345°W / 39.737188; -104.989345
Hamiltonbygningen.
Hjørne på Hamiltonbygningen.

Denver Art Museum er eit kunstmuseum i Denver i Colorado i USA. Det har over 70 000 gjenstandar i 12 ulike samlingar. Samlingane til museet omfattar ei stor samling indiansk handverk.[1]

Denver Art Museum blei grunnlagt i 1893 i Civic Center Park i sentrum av Denver.

Det opphavlege namnet på skipinga var Denver Artists Club.[1] Ho bytta namn til Denver Art Association i 1916. Museet fekk det noverande namnet sitt 1932. Det fekk ein egen bygning, Chappell House, gjennom ein donasjon i 1922. og kjøpte ein større eigedom, Schleir Gallery, 1948 ved sørsida av Vivic Center Park. I 1954 opna den sørlege fløya Morgan Wing, for å gje museet høve til å ta imot ein større donasjon.

I 1971 blei det opna eit stort tilbygg, den borgliknande Martin Building (tidlegare North Building), som var teikna av Gio Ponti.[1] Vidare utbygging fann stad i 2006, dels med Frederic C. Hamilton Building teikna av av Daniel Libeskind og med Duncan Pavillion, som bind saman Morgan Wing med Hamilton Building.

Utval frå samlingane[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «About | Denver Art Museum». denverartmuseum.org. Henta 28. februar 2024. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Denver Art Museum