Hopp til innhald

Eastern Cape

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eastern Cape
Oos-Kaap
Mpuma-Koloni
provins
Flagg
Land  Sør-Afrika
Hovudstad Bhisho
Areal 168 966,0 km²
Folketal 7 230 204 (2. februar 2022)
Grunnlagd 1994
Språk engelsk, afrikaans, xhosa
Kart
Eastern Cape
32°S 27°E / 32°S 27°E / -32; 27
Wikimedia Commons: Eastern Cape

Eastern Cape er ein provins i Sør-Afrika. Hovudstaden er Bhisho, men dei to største byane er Port Elizabeth og East London. Arealet til Eastern Cape er 169 580 km² og folketalet 7 230 204 i 2022. Provinsen vart danna i 1994 av dei gamle «sjølvstendige» bantustanane Transkei og Ciskei og den austlege delen av Kapp-provinsen. Namnet «Cape» viser til Kapp det gode håp.

Om lag 87,6 % av folket i Eastern Cape er svarte afrikanarar, 7,4 % er av blandingsrase («farga»), 4,7 % kvite og 0,3 % asiatar. 83 % av folket er xhosa-talande. Eastern Cape er fødestaden til fleire framtedande sørafrikanske politikarar, som Nelson Mandela, Oliver Tambo, Walter Sisulu, Govan Mbeki, Raymond Mhlaba, Robert Mangaliso Sobukwe, Chris Hani, Thabo Mbeki, Steve Biko og Charles Coghlan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Eastern Cape
Spire Denne geografiartikkelen som har med Sør-Afrika å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.