Grafisk roman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Grafisk roman (engelsk graphic novel) er eit lengre teikneserieverk i bokform.[1]

Omgrepet «grafisk roman» blir brukt breitt og omfattar alt frå skjønnlitteratur til sakprosa og biografi. Omgrepet har utspring frå USA og Frankrike, og er meint å markera eit skilje frå vanlege teikneseriar. Det kan til dømes visa til verk som opphavleg er laga for å gjevast ut i lang form, til skilnad frå typiske seriar, som kan ha kome ut i striper eller framhaldsseriar.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein nøyaktig definisjon av grafiske romanar er diskutabelt og opphavet til kunstforma er ope for tolking. Holemåleri kan ha fortalt historier. Både kunstnarar og handverkarar i mellomalderen formidla historier via bilete i til dømes glasmåleri og biletteppe.

Første bruk av omgrepet skal ha skjedd i 1964. Det kom i vanleg bruk etter utgjevinga av Will Eisner sin En kontrakt med gud i 1978.[2]

Norske utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 As, Trevor Van (16. november 2020), «What's The Difference Between Graphic Novels and Trade Paperbacks?», How To Love Comics (på engelsk), henta 17. mars 2024 
  2. The Anatomy of Expression: Will Eisner and ‘A Contract With God’