Ludovico Ariosto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ludovico Ariosto

Fødd 8. september 1474
Reggio Emilia
Død

6. juli 1533 (58 år)
Ferrara

Yrke lyrikar, skodespelforfattar
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Born Virginio Ariosto
Signatur
Ludovico Ariosto på Commons

Ludovico Ariosto (8. september 14746. juli 1533) var ein italiensk forfattar og renessansehumanist. Han var skiparen av omgrepet umanista (humanist).[1] Det viktigaste litterære verket hans er eposet Den rasande Roland (Orlando furioso, 1516–1532).

Liv[endre | endre wikiteksten]

Ludovico Ariosto var fødd i Reggio nell'Emilia. Far hans var embetsmann som stod i eit ganske nært forhold til hoffet i Ferrara, der den ungen Lodovico flittig dreiv med humanistiske studiar. Det dramatiske talentet hans blei utvikla tidleg under påverknad frå mellom anna lystspel av Plautus, som blei framførte ved palasset i Ferrara. Ariosto sjølv omarbeidde den antikke forteljinga om Pyramus og Thisbe og oppførte skodespelet sitt saman med søskena når foreldra ikkje var heime. Den strenge faren hans tvinga han likevel til å studera juss i fem år, noko han klagande nemner i ein av satirane sine. Det er frå denne tida ein har den talande anekdoten at han ein gong blei skarpt irettesett av faren for dei useriøse syslene sine og lytta stille og oppmerksamt på straffetalen, fordi han trong nettopp ein slik tale til lystspelet sitt Cassaria. Etterkvart fritok faren hans frå juss-kravet, og han vigde seg atter ivrig til å studera latinske forfattarar.

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

Orlando furioso - Den rasande Roland[endre | endre wikiteksten]

Det fremste verket til Ludovico Ariosto er Den rasande Roland (Orlando furioso). Under arbeidet med eit epos han hadde byrja skriva i terzinar, som skulle handla om kampen mellom Filip den skjønne og den engelske kongen, hadde Ariosto under tenesta si hjå kardinalen i nær elleve år sysselsett seg med å skriva Orlando furioso i ottava rima. Mot slutten av 1515 var diktet avslutta. Året etter blei det tilgjengeleg i trykk, og blei enormt populært. I 1532 kom det siste opplaget trykka under levetida til forfattaren. Tolv år etter at han var død kom det for fyrste gongen ut eit fragment kjend under namnet I cinque canti (dei fem songane), som Ariosto hadde etterlate seg og tydelegvis meint som eit framhald til diktet.

Dramatikk[endre | endre wikiteksten]

Ariosto omsette ein av Plautus og to av Terentius sine latinske komediar, men utmerka seg òg sjølv som komedieforfattar. Han skreiv fire lystspel: La cassaria (1508), I suppositi (1509), Il negromante (1520) og La lena (1528). Han byrja òg på eit femte skodespel, Gli studenti, som blei fullført av broren Gabriele Ariosto under namnet La scolastica. Lystspela er skrivne på vers og består av rekkjer med elleve stavingar. Desse blir avslutta med daktylar, som gjev ein «glidande» slutt, på italiensk kalla endecasillabi sdruccioli, det vil seia sleipe eller glatte endestavingar. Replikkskifta er seinare blitt omarbeidde til prosa både på originalspråket og i omsetjing. For å forstå noko av påverknaden til desse skodespela kan ein nema at George Gascoigne si engelske prosaomsetting av I suppositi (The Supposes, 1573) etterkvart skulle danna underlag for William Shakespeare-komedien The Taming of the Shrew.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]