Talg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Talg laga av kalveister.

Talg er eit materiale laga av feitt frå storfe og sau (ister). Det inneheld hovudsakleg glyseryl-esterar av oljesyre, palmitinsyre og stearinsyre.[1]

I motsetnad til ister kan talg oppbevarast lenge utan å vere nedkjølt. Det føreset at talga er oppbevart i ein lufttett behaldar for å hindre oksidering. Ved oksidering / harskning blir det mellom anna danna smørsyre med ei kraftig gulfarge og beisk smak.

Talg blir nytta til å framstille såpe, i matlaging, som fuglemat og vart tidlegare nytta til å lage talglys. Talg kan nyttast som eit av råmateriala i produksjon av biodiesel, men denne byrjar då å stivne alt ved +16 grader.[2]

Historisk var talg ei mangelvare på Austlandet, men nødvendig til opplysing. Berre i løpet av to månader i 1744 tok Kongsberg sølvverk imot 16 200 kilo talg til bruk i gruvegangane, frakta vestfrå over Hardangerviddakløvhest.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Tallow | Animal Fat, Rendering & Soapmaking | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), 4. april 2024, henta 15. mai 2024 
  2. 1.4. Drivstoff og egenskapene til biodiesel (s. 3)
  3. Claus Helberg: Til fots i fjellet (s. 80), 1993, ISBN 82-90339-35-6
Spire Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.