Wikipedia:Hovudside

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Snarvegar:
WP:H
WP:HS

Denne sida er til for å forklare funksjonen til hovudsida. Den tek for seg dei ulike bolkane på hovudsida, og gir detaljerte instruksar om kva ein må gjera for å forandra desse.

Fila som ligg på Hovudside skal ikkje innehalde noko særleg med tekst, den bør helst berre styra formen på hovudsida. Sjølve tekstinnhaldet vert styrt av ulike Malar og andre innhaldssider som ein kallar på ved å skriva {{namn på mal/side}} i kjeldekoden.

Malane som finst på hovudsida er:

Velkomstbolken ser slik ut:

Velkommen til Nynorsk Wikipedia

Det frie oppslagsverket der alle kan delta

Hei og velkommen til Nynorsk Wikipedia, Hovudside! Her kjem nokre lenker, der du kan...

læra korleis du endrar ei side
læra korleis du opprettar ein artikkel
lesa om grunnprinsippa på Wikipedia
få svar på ofte stilte spørsmål

For annan informasjon om Wikipedia og arbeidsoppgåver kan du vitja arbeidskontoret, og på samfunnshuset kan du ta opp spørsmål og diskutera saker som har med Wikipedia å gjera. Dersom du lurer på noko er det berre å spørja!

Den bør vera kort og rett på sak, men likevel ei kortfatta innføring i kva Wikipedia er for nye brukarar.

Bolken vert styrt av malen Mal:Velkommen. Gå der for å forandra på teksten.

Ein skriv {{Velkommen}} for å kalla på malen.

Kategoriar[endre wikiteksten]

Kategoribolken ser slik ut:

Gå til Mal:Hovudsidekategoriar for å endre på innhaldet til denne malen.

Dette er ei kort remse med nokre heilt grunnleggjande kategoriar som folk kan nytta for å bla seg fram i oppslagsverket.

I tillegg er det lista ei lenkje til Kategori:Kategoriar, den øvste kategorien av alle, og til den automatisk genererte alfabetiske lista over kategoriar på Spesial:Categories.

Utvald artikkel[endre wikiteksten]

Her ligg utvalde artiklar frå den nynorske wikipediaen. Den ser for tida slik ut:

Det skogfinske flagget.

Skogfinnar er ei etnisk gruppe som stammar frå finnar frå Savolax og Tavastland som slo seg ned i skogområda i Sverige og Noreg på begge sider av den svensk-norske grensa, hovudsakleg på 1500– og 1600-talet. Skogfinnar er ein av dei fem nasjonale minoritetane i Noreg. Det finst kring 1,7 millionar svenskar og drygt ein halv million nordmenn med skogfinsk avstamming.

Skogfinnane lærte seg svensk eller norsk og vart tospråklege, men heldt lenge på den kulturelle særarten sin og det finske språket. Blandingsekteskap vart vanlege tidleg. Ved slutten av 1700-talet hadde skogfinnane i stor grad vorte assimilerte inn i den svenske eller norske kulturen, ein prosess som var nærast fullstendig fullført ved byrjinga av 1900-talet. Les meir …

Denne malen er litt komplisert, og må forklarast nærmare. MediaWiki, programvaren som ligg bak Wikipedia, har ein del innebygde variablar. Desse er verdiar som forandrar seg til dømes etter kva tida er eller etter kva side ein er på. Døme på dette er variabelen {{CURRENTWEEK}} som gjev deg talverdien for vekenummeret nett no. Resultatet vert: 20. Eit anna døme er {{CURRENTYEAR}} som gir dette resultatet: 2024.

Namnet på denne malen forandrar seg alt etter kva veke og år det er. Det vil seia at ved midnatt, natt til mandag, forandrar namnet seg, og ein får då namnet på ein ny mal med neste vekes artikkel.

Namnet på malen ser slik ut i kjeldekoda:

{{Wikipedia:Utvald artikkel/Veke {{CURRENTWEEK}}, {{CURRENTYEAR}}}}

Resultatet (nett no) vert då at han kallar på malen Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 20, 2024. Vekesartiklar må derfor alltid leggjast ut ei stund før den nye veke, elles risikerer vi at denne bolken vert ståande tom.

For meir informasjon om korleis ein skal gå fram for å leggja ut nye artiklar på "Utvald artikkel", for å føreslå nye kandidatar eller for korleis ein diskuterer ei særskilt vekes artikkel gå til Wikipedia:Utvald artikkel.

Utvald bokmålsartikkel[endre wikiteksten]

Denne ser nett no slik ut:

Et eksempel på ei komplett Wikipedia-liste.

Liste over stortingrepresentanter 2017–2021 omfatter alle som ble valgt til Stortinget for perioden 2017 til 2021, og deres fast møtende vararepresentanter.

Stortingsvalget 2017 førte til at de 169 representantplassene ble fordelt med 49 til Arbeiderpartiet, 45 til Høyre, 27 til Fremskrittspartiet, 19 til Senterpartiet, 11 til SV, 8 til Venstre, 8 til KrF, 1 til Miljøpartiet De Grønne og 1 til Rødt. Etter valget fortsatte Erna Solbergs regjering. ► Les mer her.

Denne malen er litt komplisert, og må forklarast nærmare. MediaWiki, programvaren som ligg bak Wikipedia, har ein del innebygde variablar. Desse er verdiar som forandrar seg til dømes etter kva tida er eller etter kva side ein er på. Døme på dette er variabelen {{CURRENTWEEK}} som gjev deg talverdien for vekenummeret nett no. Resultatet vert: 20. Eit anna døme er {{CURRENTYEAR}} som gir dette resultatet: 2024.

Namnet på denne malen forandrar seg alt etter kva veke og år det er. Det vil seia at ved midnatt, natt til mandag, forandrar namnet seg, og ein får då namnet på ein ny mal med neste vekes artikkel.

Namnet på malen ser slik ut i kjeldekoda:

{{Wikipedia:Utvald bokmålsartikkel/Veke {{CURRENTWEEK}}, {{CURRENTYEAR}}}}

Resultatet (nett no) vert då at han kallar på malen Wikipedia:Utvald bokmålsartikkel/Veke 20, 2024. Vekesartiklar må derfor alltid leggjast ut ei stund før den nye veke, elles risikerer vi at denne bolken vert ståande tom.

Gå til Wikipedia:Utvald bokmålsartikkel for å finna ut meir, blant anna kor ein skal gå for å finna bokmålsartiklane på :no.

Utvald svensk artikkel[endre wikiteksten]

Denne ser slik ut for tida:

Gelugmunkar som spelar traditionella blåsinstrument.

Tibetansk buddhism är en inriktning inom buddhismen som har förankring inom alla de tre buddhistiska huvudinriktningarna hinayana, mahayana och vajrayana. Inriktningen etablerades i Tibet omkring år 650.

Tibetansk buddhism har i sin tur fyra huvudinriktningar: nyingma, kagyu, gelug och sakya. Nyingma är den tidigast etablerade, medan de övriga tillkom på 900-talet under den tidrymd som brukar kallas "den nya översättningsperioden". Inriktningarna är i grunden relativt lika. Gelug är i dag den vanligaste tibetanska buddhistiska inriktningen.

Tibetanska buddhister anser att tantriska utövningsformer (vajrayana) är det snabbaste sättet att nå buddhaskap, men också att det är farligt för den som inte är tillräckligt väl förberedd. Av den anledningen är tantra hemligt för utomstående. Läs mer …

Namnet på malen ser slik ut i kjeldekoda:

{{Wikipedia:Utvald svensk artikkel/Veke {{CURRENTWEEK}}, {{CURRENTYEAR}}}}

Resultatet (nett no) vert då at han kallar på malen Wikipedia:Utvald svensk artikkel/Veke 20, 2024. Vekesartiklar må derfor alltid leggjast ut ei stund før den nye veke, elles risikerer vi at denne bolken vert ståande tom.

Gå til Wikipedia:Utvald svensk artikkel for å finna ut meir.

Utvald dansk artikkel[endre wikiteksten]

Her er utvald dansk artikkel for denne veka:

Alhazen

Ḥasan Ibn al-Haytham (965-1040), latiniseret som Alhazen, var en muslimsk araber, matematiker, astronom og fysiker i Den Islamiske Guldalder. Han ydede betydelige bidrag til særligt forståelsen af synssansen og optikkens principper og omtales som "faderen til moderne optik". Hans mest indflydelsesrige værk er Optikkens Bog. Alhazen skrev også om filosofi, teologi og lægevidenskab.

Alhazen var den første, der forklarede, at synet optræder, når lys reflekteres fra et objekt og passerer ind igennem øjnene. Han var også den første der demonstrerede at synet bliver opfattet i hjernen og ikke i øjnene. Alhazen var en tidlig fortaler for princippet om at en hypotese skal understøttes af eksperimenter baseret på bekræftede procedurer eller matematisk bevis - en tidlig pioner inden for den naturvidenskabelige metode fem århundreder inden renæssancen. Læs mere


Namnet på malen ser slik ut i kjeldekoda:

{{Wikipedia:Utvald dansk artikkel/Veke {{CURRENTWEEK}}, {{CURRENTYEAR}}}}

Resultatet vert då at me kallar på artikkelen som for augneblinken ligg på Wikipedia:Utvald dansk artikkel/Veke 20, 2024. Vekesartiklar må derfor alltid leggjast ut ei stund før den nye veke, elles risikerer vi at denne bolken vert ståande tom.

Dei danske artiklane må derfor hentast frå dei danske sidene og leggjast ut ei stund på førehand. For meir informasjon om korleis ein gjer dette gå til Wikipedia:Dagens danske artikkel.

Wikipedia-nytt[endre wikiteksten]

Denne bolken ser slik ut:


Eldre nyhende

Malen me kallar på er Mal:Wikipedia-nytt. Hit må ein gå dersom ein ønskjer å forandra på teksten her.

Visste du at[endre wikiteksten]

Den populære "Visste du at"-bolken ser for tida slik ut:


... føretaksnamnet Canon er avleidd av Kwanon, eit japansk namn på miskunngudinna eller bodhisattvaen Guan Yin?
... Torborg Nedreaas debuterte då ho var 39 år?
... etter å ha leita etter det sidan 1963 vart det 4. juli 2012 stadfesta at Higgs-bosonet er funne i CERN i Sveits?
... avdelingane i Heimevernet er forutsette å vere klare til aksjon 3-4 timar frå varsling?
... vatnet i Engavatnet i Brønnøy stundom kan forsvinne heilt på grunn av grottesystem under vatnet og at dette kan skje så raskt at fisk vert liggande igjen på botn?
Tilfeldige fakta frå nokre av artiklane våre

Malen me kallar på her er Mal:Visste du at. Gå dit for å oppdatera Visste du at-fakta.

Andre språk[endre wikiteksten]

Dette er lista med andre språk som ligg nedst på hovudsida:

Skandinavisk og vestnordiske språk: bokmål · svenska · dansk · føroyskt · íslenska
Vestgermanske språk: Afrikaans · Alemannisch · Deutsch (tysk) · English · Frysk (frisisk) · Nederlands · Plattdüütsch (plattysk) · Scots (skotsk) · ייִדיש (jiddisch)
Keltiske språk: Gaeilge (irsk-gælisk) · Gàidhlig (skotsk-gælisk) · Cymraeg (walisisk) · Kernewek (kornisk) · Brezhoneg (bretonsk)
Baltiske og slaviske språk: беларуская (kviterussisk) · kaszëbsczi (kasjubisk) · latviešu (latvisk) · lietuvių (litauisk) · polski (polsk) · русский (russisk)
Finsk-ugriske språk: anarâškielâ (enaresamisk)  · davvisámegiella (nordsamisk)  · eesti (estisk)  · suomi (finsk)
Inuittiske språk: kalaallisut (grønlandsk)
Andre viktige innvandrarspråk: العربية (arabisk) · bosanski (bosnisk) · español (spansk) · فارسی (farsi, persisk) · kurdî (kurdisk) · ਪੰਜਾਬੀ (panjabi) · shqip (albansk) · soomaaliga (somalisk) · தமிழ் (tamil) · Tiếng Việt (vietnamesisk) · türkçe (tyrkisk) · اردو (urdu)

Me kallar på malen Mal:Andre språk.

Søsterprosjekt[endre wikiteksten]

Denne bolken har lenkjer til dei fleste andre Wikimedia-prosjekta og ser slik ut:

Commons
Felles medialager
Wikinytt
Frie nyhende
Wiktionary
Ordbok og synonymordbok
Wikifrasar
Frie sitat
Wikibøker
Frie bøker
Wikikjelda
Frie kjeldetekstar
Wikispecies
Artskart
Wikiversity
Frie læremiddel
Meta-Wiki
Wikimedia
Wikidata
Fri kunnskapsbase
Wikivoyage
Fri reisehandbok

Gå til Mal:Søsterprosjekt for å endra på denne bolken.

Dette er ei gul line heilt nedst som minnar folk på at Wikimedia-stiftinga er avhengig av pengegåver for å kunna fortsetja drifta.

Tykkjer du dette oppslagsverket eller systerprosjekta er nyttige, så tek Wikimedia-stiftinga gjerne mot pengegåver. Gåvene blir for det meste brukte til å kjøpa tenarutstyr.

Gå til Mal:Gåver for å endra på denne teksten.

Slett sidebufferen[endre wikiteksten]

Denne vesle malen gjev oss ein link som ein kan trykka på dersom ein mistenker at hovudsida ikkje er skikkeleg oppdatert:

Gå til Mal:Slett sidebufferen for å finna ut koss den verkar (han brukar variablar for å finna ut nett kva side du er på, og bruker action=purge på slutten av denne lenka).